God stemning på Tour of Bømlo-2022

50 barn og unge i alderen 1 til 14 år deltok på Tour of Bømlo-2022 som var det 10. i rekkja. Sist gang det vart arrangert var i 2018, så dette var noko dei satte pris på. Dei under skulealder sykla rundt løpebanen på Sentralidrettsanlegget, mens resten sykla inn til Fet og ut igjen, dei eldste sykla rundt 5 km. Det var ingenting å sei på innsatsen, ein gir litt ekstra når ein får eit startnummer på seg. Etter målgang var det medaljer, samt boller og saft. Stor takk til dei som hjalp til under arrangementet og vår sponsor Blink Hus Steinsbø.

Klar for start inn til Fet På vie inn til Fet start for dei minste starten går for dei minste